Bokomtale: Lars Ove Seljestad. Ta hand om deg

Innhold

OmslagsbildeLars Ove Seljestad (f. 1962) debuterte i 2005 med den kritikarroste klassereise-romanen Blind. Seinare har han skrive fleire romanar og ei diktsamling, alle på nynorsk. Seljestad vaks opp i Odda og brukar ofte stoff frå miljøet der i bøkene sine.

 

"Ta hand om deg" er ein sjølbiografisk roman, der hovudpersonen er ein forfattar med namn Lars Ove. I starten av boka oppheld han seg i Bremen. Her har han tidlegare fått til å skrive, og vore stamgjest i mange år. Etter at ein god forfattarvenn døyr, har han stått fast i skrivinga. Han får det ikkje til, og han har dessutan mista det faste skriverommet sitt i Bremen.

 

Gjennom spreidde tilbakeblikk skildrar Seljestad så livet sitt som forfattar, men også familieliv med kone nummer to og mine og dine barn. Han skriv om stader han er knytta til, og vanskar med å finne seg til rette i eit uvant miljø (Bærum).

 

Sentralt står skildringa av det nære vennskapet med forfattaren, Jan Roar Leikvoll. Det er denne vennen som alltid seier farvel med "ta hand om deg". Rett nok har dei hatt eit brot der dei ikkje hadde kontakt på fleire år, men dei har funne tilbake til dei gode samtalane og vennskapet. Det er ei stor sorg for Lars Ove da vennen plutseleg døyr. Etter dette tapet strevar han med å finne meining med skrivinga og livet, men finn etterkvart sin veg vidare, også i forfattarskapet.

 

Boka kort og lett å lese, og det finnst tema å kjenne seg igjen i, sjøl om ein ikkje er forfattar.

 

(LV)

 

Bestill boka

 

Boka finnst også som e-bok

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lars Ove Seljestad debuterte i 2005 med den kritikarroste romanen Blind, som handlar om klassereise. Seinare har han skrive fleire romanar og ei diktsamling. Seljestad vaks opp i Odda og brukar ofte stoff frå miljøet der i bøkene sine. Han skriv på nynorsk.

Ta hand om deg” er ein sjølbiografisk roman, der hovudpersonen er ein forfattar med namn Lars Ove. I starten av boka oppheld han seg i Bremen. Her har han tidlegare fått til å skrive, og vore stamgjest i mange år. Men, etter at ein god forfattarvenn døydde, har han stått fast i skrivinga. Han får det ikkje til, og han har dessutan mista det faste skriverommet sitt i Bremen.

 

Gjennom spreidde tilbakeblikk skildrar Seljestad så livet sitt som forfattar, men også familieliv med kone nummer to og  mine og dine barn. Han skriv om stader han er knytta til, og vanskar med å finne seg til rette i eit uvant miljø (Bærum).

Sentralt står skildringa av det nære vennskapet med forfattaren, Jan Roar Leikvoll. Det er denne vennen som alltid seier farvel med “ta hand om deg”.  Rett nok har dei hatt eit brot der dei ikkje hadde kontakt på fleire år,  men dei har funne tilbake til dei gode samtalane og vennskapet. Det er eit stort sjokk da vennen plutseleg døyr. Etter dette tapet strevar forfattaren med å finne meining i livet, men finn etterkvart sin veg vidare, også i forfattarskapet.

Sjøl om ein ikkje er forfattar, er det nok å kjenne seg igjen i og reflektere over i denne romanen. Boka kort og lett å lese, og sjølv om...

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?