Bokomtale: Kristin Valla. Ut av det blå

Innhold

Omslagsbilde av Ut av det blåKristin Valla, f. 1975, er forfattar og journalist og bur i Oslo. Ho debuterte i 2000 med romanen Muskat. Debutboka fekk mye merksemd og vart omsett til fleire språk, bl.a. engelsk. "Ut i det blå" er den tredje romanen hennar. Ho har også gitt ut to sakprosabøker.

Eit kapitel om eit leirras i Mo i Rana ei natt sommaren 1985 innleier handlinga i denne romanen. Elin, som er hovudpersonen i "Ut av det blå", er da eit barn, eller som ho uttrykker det i starten av boka ".... den siste natten jeg bare var et barn". For Elin mistar to brør og ein far i raset. Det feia med seg bilen dei tre satt i. Brørne blir funne omkomne i sjøen, men faren blir aldri funne. Det som skjedde den sommaren har prega henne vidare, men ho har heldt det på avstand, tatt utdanning og fått seg journalistjobb i eit motemagasin.

Vi møter Elin igjen som vaksen, da ho skal rydde ut av foreldreheimen etter at mora er død. Her finn ho bl.a. faren si avtalebok frå 1985, og stussar på noko ho finn, dvs ikkje finn, der. Ho blir nysgjerrig og begynner å nøste opp i kva som skjedde det året. Oppnøstinga av den skjulte delen av livet til foreldra utviklar seg i uventa retningar og er spennande fortalt.

I tillegg til historia om Elin som jaktar på sanninga om faren, byr romanen også på ei kjærleikshistorie. Elin treffer nemleg igjen barndomskameraten til storebroren. Han som var til støtte for henne i åra etter ulykka, og som ho da var svært forelska i.

Romanen berører tema som sorg, trøyst og kjærleik, og også det å bli vaksen, alt pakka inn i ei spennande, finurleg og lettlest forteljing.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne? (ikke skriv personlig informasjon)


Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.