Bokomtale: Kjell Olden. Minerydding

MineryddingEin mann har slått seg til på hytta saman med hunden sin. Hytta er kald og utett, men det er den einaste staden for han no. Vonde minne frå da han var ung FN-soldat i Libanon heimsøkjer han, men i stilla her klarer han å vere. Han begynner med restaurering av hytta og det gir han ei slags meining.

Romanen vekslar heile tida mellom notid og fortid, og det kan opplevast som litt forvirrande i starten. Vi følgjer han mest gjennom skildringane av det han opplever Midtausten, der han bl.a. er med på minerydding. Libanon er eit konfliktområde, der mange ulike grupperingar står mot kvarandre. FN-soldatane står midt i det og kjem ut for mye som set spor. Vi får også innimellom innblikk i korleis kjærasten Sara opplever forholdet deira og det at han reiser i FN-teneste. Blant det som skaper problem for dei er at ho kjem frå kristenkonservativ familie som er for staten Israel, medan kjærasten er på palestinarane si side.

I ettertid gir det han opplevde i Libanon seinskadar, sjølv små ting som ein lyd, ei lukt kan vere nok til å utløyse mareritt og angst. Han må til slutt oppsøke profesjonell hjelp.

Forfattaren var sjølv mineryddar i Libanon på slutten av 1970-talet og opplevde å få seinskadar nokre år etter at han kom tilbake. Han har uttala at romanen er basert på eigne erfaringar, men at han ikkje sjølvbiografisk ut over det.

Kjell Olden (f. 1952) bur i Trondheim og "Minerydding" er den første boka hans. Romanen er på nynorsk.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i 
ebok-appen BookBites

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.