Bokomtale: Khalid Nawasi. Den andre siden av verden

Innhold

Omslagsbilde av Den andre siden av verdenForfattaren Khalid Nawasi, født 1970, er frå Kabul i Afghanistan, men har budd i Norge sidan 2011. Novellesamlinga "Den andre siden av verden" er skrive etter at han kom til Norge. Nawasi skriv på det afghanske språket dari, og omsettinga er gjort i samarbeid med fleire omsettarar. Han er tidlegare omsett til engelsk, fransk og tysk.

Dei fleste novellene, bortsett frå ei frå Norge og ei frå USA, har handling frå Afghanistan, og skildrar dramatiske hendingar der. Novellene er korte, nesten tablåaktige: Ein landsby blir invadert av stridsvogner, ein gammal flyktande mann må forlate eselet sitt, ein lastebilsjåfør blir tatt til fange av geriljasoldatar og ventar på å bli henretta....I den siste novella problematiserer forfattaren si rolle i det å skildre folk som lir.

Det som skjer er dramatisk, men Nawisa overdriv ikkje det dramatiske i måten han skriv på. Forteljemåten i novellene er usentimental og kortfatta, men han har også innslag av poetisk språk.

Novellene viser oss vanlege menneske prisgitt tilhøva i eit land i krig. Vi møter ein røyndom fjernt frå våre trygge og dagledagse liv. Det gir perspektiv!

Dersom nokon vil vite meir om forfattaren finnst eit intervju i boka Bitre mandler, 14 forfattere i Kabul.

(LV)

Bestill boka

[Error: Mangler informasjon om presentasjon]