Bokomtale: Jan Chr. Næss. En familie om høsten

Innhold

Jan Chr. Næss (f. 1964) har ein stor litterær produksjon bak seg, både når det gjeld romanar for vaksne og barne-og ungdomsbøker. I "En familie om høsten" skriv han om tillit i nære relasjonar og kva som kan skje når denne tilliten blir rokka ved.

I første scene i romanen blir vi presentert for ein familie ved bassenget i eit lekkert feriekompleks (som er skildra nokså ironisk). Det er ekteparet Tonje og Henrik og den 17-årige dottera deira, Pernille, som er på haustferie ved Raudehavet.

Men, det skal vise seg at dette er langt i frå nokon idyllisk ferieroman. Gradvis blir det avdekka at ikkje alt er som det skal vere mellom ektefellane, og at dei med ferieturen vil prøve å reparere forholdet. Pernille merkar gnisningane, og trur det er mora som har hatt eit sidesprang. Ho har eit nært forhold til faren, og tek det hardt når ho får vite at det er han som er svikaren.Tiltrua ho har hatt til han er øydelagt, og det viser seg å få katastrofale følgjer. Det heile blir etter kvart ganske melodramatisk, utan at eg skal kome med fleire detaljar om handlinga her.

Boka har eit lite format, men vil kanskje ikkje bli oppfatta som lettlest, da forfattaren av og til brukar litt tunge vendingar i språket.

(LV)

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?