Bokomtale: Hilde Stålskjær Osen. Vi bare kjører, så ser vi

Innhold

Omslagsbilde av Vi bare kjører, så ser viHilde Stålskjær Osen (f. 1978) frå Osen er utdanna regissør. I tillegg til å jobbe med film er ho kokk og skribent. Ho debuterer her med ein roman om unge menneskje på ein liten tettstad ved kysten.

Hovudpersonen, ei ung kvinne, har flytta dit frå heimbygda rett over fjorden. Ho jobbar på hotellet, har kjærast og god kontakt med ei barndomsvenninne. På staden der dei bur skjer det ikkje så mye, rånarane køyrer stort sett same rute kvar dag, og om kveldane er kaia der Hurtigruta legg til, eit samlingspunkt. Det er lite dramatikk i boka, handlinga er konsentrert om det kvardagslege, og livet verkar litt stilleståande.

Kjærasten til den unge kvinna vi følgjer, har tenkt å bli verande på heimstaden. Han er i gang med å bygge hus ved sida av mora, og er godt fornøgd med tilværet slik det er. Hovudpersonen har det tilsynelatande ganske bra, men verkar likevel ikkje heilt fornøgd. Ho prøver å skrive ned eigenskapar ho har, og stryk ut og endrar på lista etterkvart. Vi skjønar at ho funderer på kven ho eigentleg er, og at ho ventar på at noko skal skje. Ungdom og leiting etter identitet er altså eit sentralt tema i romanen. Forfattaren har også uttala at ho ønskjer å sette lys på kva det er som gjer at unge folk slår seg til ro på stader der det ser ut som det ikkje er så mange valgmuligheiter. Staden ho har sett for seg medan ho skreiv er Rørvik.

Forfattaren har eit lett språk. Utan store ord skriv ho fram eit portrett av ei ung kvinne som ikkje heilt har funne seg sjølv. Boka er kort, og kan nok blant anna passe for unge vaksne.

(LV)

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?