Bokomtale: Heidi Auensen. Jenta med den grønne skjorta

Innhold

Omslagsbilde av Jenta med den grønne skjorta"Jenta med den grønne skjorta" er ein dokumentarroman som tek for seg historia til Arisa Dizdarevic som i 1993 kom som flyktning til Norge frå noverande Bosnia Hercegovina. Romanen er basert på barndomsminna hennar, og er ført i pennen av kollega og venninne Heidi Auensen (født 1963). Ho har omarbeidd og gjenskapt historia til romanform.

Arisa er storesøstra som etterkvart blir veslesøster da ho som åtteåring sluttar å vekse. På den måten blir oppveksten hennar annleis enn for andre barn. Ho prøver å førebu seg på eit liv der ho aldri kan bli som dei andre. Livet i den vesle byen der Arisa veks opp er likevel trygt. Ho har familie, besteforeldre, søskenbarn og naboar rundt seg, ho er flink på skolen og på fritida kosar ho seg med å sjå på video, - Arnold Scwarzenegger er den store helten.

Jugoslavia var lenge eit stabilt land, men etter at Tito døydde kom etniske konfliktar gradvis meir til syne, og i 1991 braut det ut borgarkrig. Krigen kjem nærare og nærare byen der Arisa og familien bur. Ein dag gjer ei bombe kål på utedoen deira. Familien høyrer til den muslimske mindretalet i byen, og i 1993 blir dei muslimske mennene internert. Mora greier å få mannen ut frå leiren, og ho greier også å skaffe papir som gjer at dei får 48 timar på å kome seg ut av byen. Ein sterk scene i boka er skildringa av korleis familien forlet huset, hunden og alt dei har, og det for alvor søkk inn i Arisa at ho no er heimlaus.

Familien hamnar til slutt i Hemsedal og skaffar seg eit nytt tilvære der. For Arisa er det eit lykketreff å kome til Norge, da ho her får helsehjelp som gjer at ho som vaksen får eit heilt anna liv enn det ho såg for seg som barn.

Dette er ei forteljing som verkar svært ekte, fortalt i eit enkelt språk og i hovudsak med barnet sitt perspektiv. Romanen kan ha appell til mange, uansett alder.

(LV)

Bestill boka

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?


A03-P1-EPI006 - 16.06.2019 09:27:35