Bokomtale: Håvard J. Nilsen. Du

DuSigurd har begynt å studere historie i Trondheim. Han kjem frå Mosjøen der han har vore ivrig deltakar i ei pinsemenighet. Som student får han andre impulsar og opplever miljøet han kom i frå som ufritt og trongt. Reglane for korleis ein skal leve er snevre, du bør til dømes ikkje høyre på rock, noko som blir vanskeleg for Sigurd etter at han har oppdaga bl.a. Pink Floyd. Han opplever at mye i livet blir lagt lokk på til fordel for lovprisinga av Gud. Ungdomsfellesskapet han har vore ein del har på mange måtar vore godt, men han bestemmer seg for å bryte ut.

Romanen skildrar korleis eit menneske prøver å finne ein veg vidare etter å ha lausrive seg frå ei menighet. Kan ein framleis ha Gud med seg, men på ein friare måte? Sigurd opplever ein intens indre kamp, han slåss med Gud. Han slit med gudsfrykt, skuldkjensle og panikkangst. Dette er skildra så rått og levande at berre ein som har vore igjennom noko liknande kan ha skrive det. Forfattaren har uttala at han skriv tett opp til eige liv, men at det ikkje er ein sjølvbiografi.

Eit lyspunkt, ei stund i alle fall, er at Sigurd får ein trygg kjæreste som blir ei motvekt til dei vanskelege kjenslene.

Boka var tidvis vond å lese, men gir innsikt i korleis det er å vere på innsida av eit av eit karismatisk kyrkjesamfunn, - på godt og vondt. Språket er poetisk og det løftar romanen.

Håvard J. Nilsen (f. 1980) vaks opp i Mosjøen og er no busett i Trondheim. Han har tidlegare gitt ut diktsamlinga Litt som den sangen.

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.