Bokomtale: Guro Hoftun. Svensken

Innhold

Omslagsbilde av SvenskenPatrick, Nico, Lars og Jens bur i eit nedlagt solarium i Oslo, der dei søv i kvart sitt avlukke. Dei er alle svenske handverkarar, og på dagtid jobbar dei med å bygge balkongar. Dei jobbar bokstaveleg tala på utsida av den vellykka norske fasaden, og derifrå får vi deira blikk på Norge og nordmenn.

I helgene dreg mennene over grensa til heimplassen og familien, men Jens, som er hovudpersonen i boka, blir som oftast verande i byen. Han er einsam, men har ikkje så mye å reise heim til, anna enn ei mor, som begynner å dra på åra. Ein årsak til at han ikkje besøker henne så ofte, er at han ikkje likar å bli minna om fortida, og ei hending i barndommen som har sett djupe spor i han.

Det er helg og ski-VM og stafett i Holmenkollen. TV-ruta er fylt med Bjørgen og Johaug og vaksne karar med elggevir på hovudet. Jens går på byen, og treffer ei frodig dame som ser ut til å like han, sjøl om han er ganske full. Han lengtar etter å vere nær, samtidig som han er engsteleg for at det ikkje skal gå bra, at han skal øydelegge det fine dei har saman. Slutten er åpen, men det ligg mye håp i dei siste setningane i boka.

Romanen byr både på ein annleis synsvinkel på "det norske", og gir eit fint portrett av ein godt vaksen mann, som ikkje heilt har fått til livet, men som i løpet av boka ser fleire muligheiter enn før.

Guro Hoftun (f. 1970) debuterte med romanen Anfall i 2011. I 2015 kom ungdomsromanen Ord på S, og sakprosaboka Storbarnsliv, om å vokse opp med barn. "Storbarnsliv" vart nominert til Brageprisen. "Svensken" er den fjerda boka hennar.

(LV)

Bestill boka

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?