Smitteverntiltak / Corona information

Bokomtale: Ellen Rømming. De ufullendte

Innhold

De ufullendteI "De ufullendte" følgjer vi to unge søstre Maria og Ingrid. Begge har anlegg for og interesse for klassisk musikk, men det er berre Ingrid, storesøstra, som utdannar seg i faget. Ho satsar på ein karriere som konsertpianist.

Dei to søstrene har eit svært nært forhold og dei reiser gjerne på konsertar i inn- og utland. Særleg er dei opptatt av fiolinisten Simon Mayer og tolkinga hans av Schuberts ufullendte symfoni, noko som tittelen på boka spelar på.

Maria har alltid kjent seg litt i skyggen av storesøstra som tilsynelatande er den mest "vellykka" av dei to. Ingrid blir etterkvart plaga med sjukdom. Maria stiller opp for henne og det utviklar seg eit mønster der ho set seg sjølv til side og blir nærmast sjølvutslettande for å hjelpe søstra. Det går utover eigne studiar og forholdet til venner. Ikkje minst går det ut over hennar eiga helse. Maria må gjennom eit samanbrot før familien og ho sjølv skjønar at dette ikkje kan halde fram på same måte. Mot slutten av romanen er ho så smått i ferd med å finne sin eigen veg. Kjærleiken til søstra er like stor, men ho ofrar ikkje lenger alt.

Dette er ein roman om søskenkjærleik, men forfattaren tek også for seg korleis eit gjensidig avhengighetsforhold kan utvikle seg til å bli øydeleggande for ein eller begge partar. Rømming har fortalt at ho har brukt noko av erfaringane ho sjølv har hatt med å ha ei alvorleg sjuk søster.

Romanen, som er lettlest, syner fram det sårbare hos eit ungt menneske som prøver å finne seg sjølv og sin plass i livet, noko som kanskje gjer at den vil ha særleg appell til yngre lesarar.

Ellen Rømming (f. 1964) er utdanna statsvitar og jobbar som spesialkonsulent i Forsvarsdepartementet. "De ufullendte" er den første romanen hennar. Ho har vakse opp i og bur i Oslo.

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites

Sist oppdatert: 12.03.2021

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.