Bokomtale: Eline Lund Fjæren. Forbruk i september

Innhold

Omslagsbilde av Forbruk i september

Eline Lund Fjæren er født i 1994. Ho debuterte som 19-åring med romanen Ung kvinne voksen mann, og fekk to litteraturprisar for denne. "Forbruk i september" er den tredje romanen hennar.

Dette er ein kort roman om eit kort forhold. Personane i forholdet er Emilie og Espen, ho 22, han 14 år eldre. Begge jobbar i ein avisredaksjon, og etter ein fest, hamnar dei etter initiativ frå henne i hans seng. Etter det skiftar dei på å avvise kvarandre og trekkast mot einannan. Ingen av dei greier (eller vil?) sleppe den andre heilt inn på seg.

Hovudperspektivet ligg hos Emilie, sjølv om synsvinkelen innimellom er hos Espen. Emilie går i terapi og ber på vonde opplevingar med overgrep. Opplevingar som vi ser fører til destruktivitet. Ho trur ikkje på kjærleiken, men brukar menn og sex til å stette behovet for å bli sett og få merksemd, eller som ho sjølv tenkjer "til å plastre såret".

Emilie er svært medviten om seg sjølv og definerer seg ut i frå det ho trur andre ser. Dette fører til at ho ofte spelar og ikkje viser kven ho eigentleg er, noko som også står i vegen for henne.

Forbruk i september er ei sår forteljing om kva som kan stenge for å nå inn til andre, og om den einsemda det kan føre med seg.  

Språket Fjæren kler dette temaet i er lett og ledig.

(LV)

Bestill boka

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?