Smitteverntiltak i bibliotekene

Bokomtale: Elin Tinholt. Søstrene på Stenberg

Innhold

Søstrene på StenbergElin Tinholt (f. 1962) er norsk dramatikar og manusforfattar. "Søstrene på Stenberg" er den første romanen hennar. Ho har her skrive ein historisk roman med kvinneperspektiv, og ho brukar personar som verkeleg har levd som hovudpersonar i boka. Ein meiner at søstrene som ho skriv om, i si tid også var modellar for personane i Amtmannens døtre, (utgitt første gong i 1854-1855), av Camilla Collett. 

Året er 1840 og på Stenberg, den store amtmannsgarden på Toten, lever den 22 år gamle Amalie og dei to eldre søstrene hennar eit trygt, men avsondra og stille liv. Dei spaserer i hagen, dei broderer, spelar piano og les. Samfunnet på denne tida er strengt klassedelt. Amtmannsdøtrene høyrer til embetsstanden og dei uskrevne reglane for korleis dei unge kvinnene som høyrer hit skal oppføre seg er mange og strenge, sett med våre augo. Det sømer det seg til dømes ikkje at ei amtmannsdotter sit i veven, nei brodering er det einaste handarbeidet som ho som ung overklassekvinne får lov til å utføre. Brørne lever eit mye friare liv. 

Døtrene til ein amtmann kan sjølvsagt ikkje gifte seg med kven dei vil. Det får søstra til Amalie erfare da ho forelskar seg i pianolæraren. Særleg faren er streng, det verkar nesten som han ønskjer at døtrene ikkje skal gifte seg. Han har sett kva det kan føre til å sleppe kjenslene laus ved at hans eiga søster etter ei stormande forelsking gjekk inn i eit øydeleggande ekteskap. Amalie møter også kjærleiken. Han er venn av bror hennar og ho har så vidt dansa med han i Christiania, den eine gongen ho har vore utanfor Toten. Han kjem på besøk på Stenberg, eit besøk som ikkje endar så bra.

Heile boka igjennom er det små innskotne kapitel i form av brev skrive av tenestejenta Eline i 1900. Ho skriv til ei tenestejente som har emigrert til Amerika. På amtmannsgarden er det berre "frøkna", dvs Amalie som er i live. Ho er no ei gammal og skrøpeleg dame som mimrar om fortida. Slik får vi også vite noko om korleis det gjekk med henne og søstrene.

Romanen, som er lettlest, gir perspektiv på kor mye rammene for kvinneliv har endra seg sidan 1800-talet. Blant det som slo meg var dei mange barnefødslane, her var det ingen forskjell på fattig og rik. Alt i alt ei bok som mange, men kanskje særleg kvinner, vil ha interesse av å lese. 

(LV)

Bestill boka

Boka kan også lesast i ebok-appen BookBites.

 

 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.