Bokomtale: Eirik Ingebrigtsen. Kvit bok mørk vinter

Innhold

Omslagsbilde av Kvit bok mørk vinter"Kvit bok mørk vinter" er ei fortetta og sterk forteljing frå ein liten landsby i Kosovo nokre år etter kosovokrigen. Handlinga går over ein dag med den fjortenårige Isa som hovudperson.

Isa er resultat av ein valdtekt der ein serbisk soldat forgreip seg på mora hans på slutten av krigen. Han er "serbarguten" i landsbyen, der det no bur nesten berre kosovoalbanarar. Stefaren Reza er veteran frå krigen. Han har kjempa mot serbarane og og har ikkje klart å forsone seg med at han har ein steson med serbisk blod i årane. Storebroren, som representerer den nye generasjonen, tek derimot på seg beskyttarrolla overfor Isa, både i høve til faren og andre. Skildringa av forholdet mellom dei to brørne er ein viktig del av boka.

Den dagen som forteljinga dreiar seg om er ein iskald vinterdag der krigsveteranane og dei halvvaksne gutane arbeider med å skaffe ved til landsbyen. Skogsarbeidet er hardt, men meiningsfylt. For menneska her slit med å finne tilbake til ein normal kvardag. Såra etter alt som skjedde under krigen er framleis djupe og synlege, ikkje berre hos menneska, men også i omgjevnadene med bygningsruinar og eit landskap som har spor etter bomber.

Romanen gir oss eit glimt inn i korleis eit samfunn går vidare etter ein krig, sett gjennom augo til ein ung gut, som sjølv har fått kjenne konsekvensane på kroppen.

"Kvit bok mørk vinter" er ei poetisk forteljing, ho er kort, men ho tek likevel tid å lese, da setningane er lange med få pusterom. Ingebrigtsen skriv på nynorsk.

Boka er den åttande romanen til Eirik Ingebrigtsen (f. 1975). Han har tidlegare mottatt både Sultprisen og Nynorsk litteraturpris for forfattarskapet.

(LV)

Bestill boka

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?


A03-P1-EPI004 - 16.06.2019 09:08:24