Bokomtale: Brynjulf Jung Tjønn. Alt det lyse og alt det mørke

Innhold

Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) debuterte med i 2002 med romanen "Eg kom for å elske". Seinare har han skrive fleire romanar for vaksne, ei barnebok og ungdomsboka "Så vakker du er", som han fekk Brageprisen for i 2013. I den siste romanen, "Alt det lyse og alt det mørke", er temaet omsorgssvikt og kva konsekvensar det kan få.

Hovudpersonen i romanen er Vibeke. Vi møter henne rett før ho skal treffe igjen den vaksne dottera, Hildegunn, som ho ikkje har sett sidan ho var lita jente. Det kjem fram at Vibeke er på ein institusjon og at Hildegunn vart tatt frå henne som barn. Kvifor får vi etter kvart svar på. Størstedelen av romanen er eit tilbakeblikk på Vibekes eigen barndom. Ho vaks opp saman med faren i eit hus ved skogen. Han er på mange måtar ein god og omsorgsfull far, og ho er sterkt knytta til han. Trass i dette sviktar han dottera og reiser frå henne etter ei hending han ikkje taklar. Ho må flytte til ei tante som ikkje er vant til barn, og vi følgjer henne til ho som svært ung åleinemor flyttar tilbake til huset der ho budde saman med faren. Det går ikkje bra, - som vi alt veit. Vibeke greier ikkje å gi si eiga dotter den omsorga ho skal ha. Det raknar for henne, og det heile kuliminerer i ei dramatisk hending som har med faren å gjere.

Tjønn gir i romanen stemme til det svikta barnet. Alt er sett gjennom synsvinkelen til Vibeke som heile tida saknar faren som forsvann. Ho klandrar han ikkje, men lengtar desperat etter nærleiken han gav. Romanen er nyansert og viser også dei lyse stundene i tilværet. Likevel, - dette er ganske vond lesing.

Tjønn skriv vakker nynorsk.

(LV)

Bestill boka

Romanen finnst også som e-bok.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?