Bokomtale: Britt Karin Larsen. Berøringen

Innhold

Omslagsbilde av BerøringenBritt Karin Larsen er født i 1945 og debuterte i 1978. No har ho eit langt forfattarskap på nær 40 bøker bak seg. Ho er særleg kjent for romanserien om folket på Finnskogen, der Det vokser et tre i Mostmägg er den første i serien. Ho har også tatt for seg historia til taterane i ein romantrilogi.  I "Berøringen" nærmar Larsen seg eit vanskeleg tema frå ein annleis synsvinkel.

Vi møter ei eldre kvinne som leiger ei gammal campinghytte i skogen. Der vil ho prøve å skrive om livet sitt, også om dei delane av det som ho har halde skjult. Gjennom skrivinga ønskjer ho å kome til botns i kven ho er og kvifor ho er som ho er.

Ho vaks opp utan far, og med ei røff mor som ikkje evna å gi henne det ho hadde behov for. Som tenåring lengta ho etter berøring og vart tidleg saman med gutar. Fordi ho har hatt dette sterke behov for nærhet ser ho at ho opp gjennom livet har funne seg i mye av dei mennene ho har vore saman med.

I tillegg til å skrive vandrar kvinna rundt i skogen. Der kjem ho over ei branntomt,og blir nysgjerrig på kva som skjedde. Ho prøver å finne ut om historia til mannen som budde der, har ein samanheng med hennar eiga historie. Sakte, med mange sidehistorier undervegs, blir løyndomen hennar sirkla inn. Ein mann ho fekk tillit til i barndommen gjekk over grensa for berøring, utan at ho som fireåring opplevde det som skjedde som stygt og vondt. Men, ut i frå dei sterke reaksjonane til mora skjøna ho at det ikkje skulle ha skjedd. Hendinga heftar ved henne og ho har alltid kjent seg annleis.

Ho stiller seg mange spørsmål undervegs i skriveprosessen, ikkje minst er spørsmålet om ho greier ho å skrive om det som skjedde. Ho er redd for å øydelegge for andre med sanninga, og ho er redd for at ho kanskje likevel ikkje minnest rett.

Romanen er bygd opp av mange korte kapittel og er lettlest.

(LV)

Bestill boka

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne? (ikke skriv personlig informasjon)


Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.