Bokomtale: Bjørn Esben Almaas. Den gode vennen

Innhold

Omslagsbilde av Den gode vennenEtter ti år kjem Bjørn Esben Almaas (f. 1975) med ein ny roman. Det er den tredje romanen hans, og han har også gitt ut ei novellesamling. I "Den gode vennen" er det barndom og mobbing som er tema.

Vi treffer først ein vaksen mann, som tilfeldigvis møter ein han kjente som gut. Dette møtet skiplar han heilt og han misser nærmast fotfeste i dagleglivet med familien. Kvifor blir avdekka gradvis utover i forteljinga som vekslar mellom notid og fortid.

I skildring av fortida følgjer vi hovudpersonen som elleveåring nokre veker hausten 1987. I utgangspunktet er han ein "vanleg" gut, men no trekkjer han seg vekk frå fritidsaktivitetar, og han legg seg sjuk og vil ikkje gå på skolen. Dei vaksne skjønar at noko har skjedd, da han kjem heim slått gul og blå. Han vil ikkje fortelje kva som har hendt, men seier at han har gått seg på ei dør og liknande.

Barndomsskildringa blir fortalt baklengs, så først mot slutten av boka får vi ei slags forståing av kva som ligg bak. Han har vorte banka opp og mobba av andre gutar, men ei vond hending med ein vaksen mann ser også ut til å ha vore medverkande til tilbaketrekkinga.

Teksten gir ikkje tydelege svar på alt. Kven som er den gode vennen er til dømes åpent for tolking.

Almås skildrar sterkt og innsiktsfullt korleis eit barn møter vonde opplevingar og korleis det prøver å takle dei på eiga hand. Han syner også til ein viss grad fram korleis fortrengte traume frå barndommen kan følgje ein inn i vaksenlivet. Det er likevel barndomsskildringa som gjer mest inntrykk i denne romanen.

(LV)

Bestill boka

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?