Trondheim folkebibliotek er midlertidig stengt

Informasjon om innlevering, bestilling og arrangement.

Bokomtale: Aina Basso. Ungen

Innhold

UngenAina Basso (f. 1979) er historikar og forfattar og skriv på nynorsk. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite, der handlinga er lagt til 1700-talet. Seinare har det vorte fleire historiske romanar, både  for ungdom og vaksne, bl.a. Fange 59. Taterpige, som foregår i Trondheim. Alle romanane har unge kvinner som hovudperson.

I "Ungen" er vi i Kristiania, heilt på slutten av 1800-talet. Perioden og miljøet er det same som Oskar Braaten skildra  i si bok Ungen, så tittelen er nok ikkje tilfeldig valt. Vi følgjer ei ung kvinne, Anna, som høyrer til den fattige delen av befolkninga. Det har vore eit økonomisk krakk, arbeidsgjevaren hennar har gått konkurs og ho har derfor  mista jobben som tenestejente. Korleis skal ho greie seg utan inntekt? 

Gjennom ei venninne på Grønland, som ho flyttar inn hos ,får  ho vite om ein utveg. Venninna tek nemleg i mot pleiebarn og får betalt for dette.  Dei to kvinnene tek etterkvart til seg fleire og fleire spedbarn, og finn nye måtar å utnytte “systemet” på. Gradvis mistar dei alle sperrer og det går så langt at ungane døyr for deira hand. Anna knyter seg likevel til eitt av barna, ei jente som minner henne om hennar eiga dotter. Gjennom tilbakeblikk har vi fått vite at Anna har hatt to ungar, og etterkvart får vi også vite kvifor ho ikkje har dei hos seg.

Romanen  er basert på verkelege personar og hendingar. Bakgrunnen er ei rettssak i 1901 der seks kvinner, såkalla  “englemakersker”, er tiltala for å ha tatt livet av fleire spedbarn dei har hatt i pleie. Anna er ei av desse kvinnene, og forfattaren prøver, gjennom å skrive om livet hennar og om tilhøva ho lever under, å forstå korleis ho kunne bli så psykisk forstyrra at det gjekk så langt som det gjorde.  

Temaet i boka er skakande, men sjølve skildringa er lågmælt. 

(LV)

Bestill boka

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne? (ikke skriv personlig informasjon)


Din tilbakemelding blir ikke besvart. Hvis du behøver hjelp, vennligst benytt en av våre kanaler for kontakt.