Bokomtale: Adelheid Seyfarth. Den hvite elgen

Innhold

"Den hvite elgen "er den fjerde romanen av Adelheid Seyfarth  (f. 1963). Ho debuterte i 2005 med "Fars hus", som handlar om å vere den einaste ungen på Finnskogen med brun hud. Ho fekk svært gode kritikkar for debutboka. Seyfarth er busett i Solør.

I "Den hvite elgen" følgjer vi arbeidskaren Robert Langberget frå Grue Finnskog. Han grev veg "Innafær", dvs i Oslo. Han vantrivst i byen, der han bur i brakke og har ein dårleg betalt og slitsam jobb. Men, kvar torsdag etter dugurd, kan han starte opp "Gråen" (med stolen mercedesmotor) og sette kursen heimover til Skogen igjen. For det er der han høyrer til og vil vere.

Robert oppheld seg mye i naturen rundt heimplassen. Han sansar det han har rundt seg der og snakkar til trea og berget, - sjølv om han kjenner seg litt rar når han gjer det. Ein dag går han seg på ei elgku og blir vitne til at ein heilt kvit elgkalv blir født. Kan det vere eit slags varsel, undrast han.

Ei heilt avgjerande hending i romanen er at Robert finn ein attgløymt fiolin rett ved der han jobbar med gravemaskina. Dette set i gang ei kjede av hendingar og djupast sett skaper det håp om eit anna liv for sonen Kim-Robin. For Robert bestemmer seg for å ta med fiolinen heim og la sonen begynne på fiolinopplæring. (Ikkje med den store fiolinen, som viser seg å vere ein bratsj, men med ein barnefiolin). Dette ville vore heilt utenkjeleg utan funnet av instrumentet. Det viser seg at Robert sjøl blir dratt mot spelinga og det å få utfolde seg på andre måtar enn gjennom å grave hol i bakken.

"Den hvite elgen" er både ein arbeidarroman og eit psykologisk portrett av Robert. Boka er skriven på dialekten i området, og det var det litt tungt å venne seg til. Men, når ein kjem inn i det, fungerer det bra for denne forteljinga, som tek for seg tema som tilhørighet, arbeidarklassekultur kontra finkultur og skiljet mellom by og land.

(LV)

 

Bestill boka

Boka finnst også som e-bok.


 

 

 

 

 

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

Hva forsøkte du å finne?